From Wikipedia, the free encyclopedia
Slottsparken er parken ikring Slottet og Slottsplassen i Oslo, og den sentrale, stor parken i byen. Parken er freda. Parkarealet er på til saman 225 dekar (òg kalla mål). Nokre delar av parken har òg sine eigne namn, som Dronningparken, Abelhaugen, Nisseberget. Med unnatak for Dronningparken, som utgjer den nordvestre luten av parken og er inngjerda, er det fri tilgang for ålmenta til alle områda. Dronningparken er vanlegvis open for publikum på dagtid i sommarhalvåret. Gangvegane gjennom parken er vikige sambandsårer for fotgjengarar og syklistar mellom ulike delar av byen, og særleg på gangvegane mellom Parkveien, Slottsplassen og Karl Johans gate er det stor trafikk året rundt.
I parken er det store plenar under høge tre, gangvegar, alléar, og i den luten som ligg på nordsida (baksida) av Slottet er det laga til tre kunstige tjern, eit av dei i Dronningparken. Opphavleg var et om lag 2000 tre til saman i parken, dei fleste planta samstundes, men no er det om lag 1200 tre. I høve til det opphavlege har heile parken vorte forenkla i tidens løp, og talet på blomebed og anna har vorte minska. I den seinare tida har noko av det opphavlege preget vorte rekonstruert.
Parkområdet vart kjøpt og skild ut frå fleire løkkeeigendomar i 1824. Etter at fleire planar for parken hadde vorte utarbeidd, vart det gjort vedtak om å leggje til grunn ein plan som slottsarkitekt Hans Linstow og slottsgartnar Martin Mortensen hadde lagt fram. Arbeidet med å opparbeide parken tok til i 1838 under leiing av av Mortensen, men skort på pengar gjorde at arbeidet drog ut. Fleire av dei trea som vart planta i denne fyrste tida, står framleis. Dei eldste er jamvel eldre enn Slottsparken, og skriv seg frå 1700-talet. Dette gjeld tre i den luten av parken som har namnet Dronningparken, som vart opparbeida som ein park i rokokkostil allereie i 1751 på løkka Sommerro, sommarbustaden til borgermeistar Christian Henrik Støedt.
Kongehuset har fastsett at det skal vere ei blomseeng på ein femtepart av arealet i Slottsparken, altså ei slåttemark som vert slått og stelt slik det vart gjort då ljå, slåmaskin og utandørs turking av graset til høy var einerådande i landbruket, og graset fekk vekse til det vart høgt og bruktbart til høy. Denne marka skal altså ikkje maskinklippast som grasplenene i resten av parken. Med bruken av kunstgjødsel og endra driftsmåtar i jordbruket, men slått då graset ikkje er så høgt og meir eigna til å leggje i silo eller rundball, i tillegg til attgroing av gamalt, dyrka areal, er 90 prosent av dei gamle slåttemarkene her i landet forsvunne. Med dette forsvinn òg slike blomar, humler og bier som er heilt naudsynte for produksjon av matvekstar for menneske. Av dei meir enn 125 plante- og dyreartane som er forsvunne dei siste 200 åra, levde 48 artar i den gamle typen kulturmark eller slåttemark. Då Slottet tok avgjerda om å etablere blomeenger for å gjere sitt til å snu denne utviklinga i ei mer positiv lei, tok biologane til å leite etter frø i parken, og lukkast i å finne frø som hadde lege i grasplenane i årevis. Såleis vart det funne 185 unike artar kring Slottet, og av desse artane er fleire truga av utrydding for alltid. Det vart òg funne artar som mest truleg ikkje har vore nytta i frøblandingar sidan 1840, og planter som ikke er registrert i Oslo sidan 1890. For å få til meir blomstring i parken, planta slottsgartnaren fjorten tusen prestekragar i parken våren 2015. Den betra balansen mellom blomar og bier i parken har gjeve ein monaleg auke i den honningproduksjonen som dei 150 tusen honningbiene som Slottet har skaffa seg, syter for.
Abelhaugen er eit lite høgdedrag i søraustre hjørnet av Slottparken, på sørsida av Slottbakken, vegen som går opp til Slottet som ei lenging av Karl Johans gate. Frå haugen er det bratte skrentar ned til Frederiks gate og Henrik Ibsens gate. Namnet har haugen fått etter matematikaren Niels Henrik Abel som fylgje av at det i 1908 vart reist eit monument til minne om han på haugen. Dette minnesmerket, som vert kalla Abelsmonumentet, vart laga av bilethoggaren Gustav Vigeland i 1905, og vert rekna som eit av hovudverka hans.
Høgdedraget har vore større i si tid, men vart minska monaleg då Drammensveien (den novernande Henrik Ibsens gate) vart omlagd i 1896. I åra 1885-1894 stod det eit såkalla «folkeobservatorium» på haugen, ein paviljong med ein stjernekikkert som Chr. H. G. Olsen hadde sett opp for at publikum (mot vederlag) skulle få granske himmelkvelven. Dette «observatoriet» vart flytt til Nisseberget i Slottparken i samband med Den norske Industri- og Kunstudstilling som vart helde der, men flytt til Holmenkollen same året. Paviljongen som kikkerten hadde stått i, vart ikkje rive før i 1909.
Nisseberget, som er eit høgdedrag aust i Slottsparken, med ein steil skrent ned mot Frederiks gate på strekninga mellom Slottbakken og Wergelandveien, var eit samanhangenade høgdedrag med Abelhaugen før Slottbakken vart bygd som ei skjering gjennom høgdedraget i 1840-åra. Kva eller kven som er opphavet til namnet Nisseberget, er ukjend. Før staten erverva Nisseberget i 1824, hadde arealet vore ein part av løkka Marielyst.
På Nisseberget vart det under den tyske okkupasjonen av Noreg under siste verdskrigen reist ein bauta over sogeforfattaren Snorre Sturlason, avduka av den nazistiske kulturministeren Gulbrand Lunde, men dette monumentet vart fjerna i 1945.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.