Skrikørner
slekt av haukefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Skrikørner (Clanga) er ei biologisk slekt med tre rovfuglartar, og er medlem av haukefamilien, Accipitridae. Dei har leveområde i Eurasia omtrent frå nordaustlege Tyskland og austover til stillehavskysten omtrent ved Vladivostok. I tillegg har ein art i stor grad overvintringsområde i Afrika.
Kjappe fakta
Skrikørner | |
Småskrikørn, Clanga pomarina | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Haukefamilien Accipitridae |
Slekt: | Skrikørner Clanga |
Lukk
Dette er mellomstore og kompakt bygde medlemmer av haukefamilien med stort sett brune fjørdrakter, større enn musvåk, men langt mindre enn kongeørn. I flukt kan skrikørner minne om ørner med sine breie venger og handsvingfjørfingrar, men har ein liten vinkel ved vengeknoken der ekte ørner har rett utstrekt venge.
- Galleri
- Småskrikørn,
Clanga pomarina - Indiaskrikørn,
Clanga hastata - Storskrikørn,
Clanga clanga