Skogfinnar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Skogfinnar (svensk skogsfinnar eller svedjefinnar) er ei etnisk gruppe som stammar frå finnar frå Savolax og Tavastland som slo seg ned i skogområda i Sverige og Noreg, særleg området som vart kjent som Finnskogen, på begge sider av den svensk-norske grensa, hovudsakleg på 1500– og 1600-talet. Skogfinnar er ein av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg.[1] Det finst kring 1,7 millionar svenskar og drygt ein halv million nordmenn med skogfinsk avstamming.[2]
Størstedelen av denne finske utvandringa skjedde i løpet av hundreårsperioden ca. 1575–1660. Skogfinnane var i hovudsak frå Savolax i Finland (som då låg under Sverige), og dei slo seg ned i ulike skogområde i Midt-Sverige og Søraust-Noreg. Ikkje minst kom denne innvandringa til å prege det store skogsområdet, Finnskogen, på båe sider av den noverande riksgrensa mellom Hedmark i Noreg og Värmland i Sverige, grovt avgrensa av elvane Glomma i Noreg i vest, Klarälven i Sverige i aust, og i Noreg av grensa til Eidskog kommune i sør og Trysilvegen i nord. På sitt tradisjonelle vis bygde dei i slike skogsområde gardshusa sine og skaffa seg åker og beiteland ved såkalla svedjebruk, som går ut på å hogga og brenna skogen for å dyrke i oska.[3]
Det var både personlege, økonomiske, politiske og samfunnsmessige årsaker som gjorde at dei reiste. Ei av årsakene var den arealkrevjande landbruksforma som dei hadde som hovudnæringsveg, svedjebruk, sidan dei dreiv skiftebruk i utmarka ved å svi av granskog og så rug i oska, såkalla rugbråter.[4] Dette bråtebruket vart nokre stader drive fram til ca. 1800, men gradvis gjekk etterkommarane over til fast åkerbruk.
Skogfinnane lærte seg svensk eller norsk og vart tospråklege, men heldt lenge på den kulturelle særarten og det finske språket. Blandingsekteskap vart vanlege tidleg. Ved slutten av 1700-talet hadde skogfinnane i stor grad vorte assimilerte inn i den svenske eller norske kulturen, ein prosess som var nærast fullstendig fullført ved byrjinga av 1900-talet.