From Wikipedia, the free encyclopedia
Skjold er ein tettstad og eit sokn i Vindafjord kommune på Haugalandet i Rogaland fylke. Skjold var tidlegare også ein kommune. Tettstaden har 933 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ved nordenden av Skjoldafjorden.
Skjold | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommune | Vindafjord | ||
Areal | 1,03 km² | ||
Folketal | 933 (2023) | ||
Folketettleik | 906 / km² | ||
Postnummer | 5574 SKJOLD | ||
Ferdselsårer | E134 | ||
Skjold i Vindafjord 59.506667°N 5.591944°E |
Skjold sokn var før i tida meir enn dobbelt så stort som no. I 1964 vart Flatnes krins overflytta til Vestre Vikebygd sokn, og i 1965 vart soknet halvert: Då vart Vordneset (seinare nemnt Skjoldastraumen) kapelldistrikt overflytta til Tysvær sokn, og same område vart i 1969 overført på ny til Nedstrand sokn.
I dag femnar soknet om den sørvestlegaste delen av Vindafjord kommune (krinsane Alendal, Ersland, Haugen, Egge, Austrheim og Langeland) og har 1 415 innbyggjarar (2013). Det høyrer til Haugaland prosti.
Allereie då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Skjold ein av dei. Den omfatta då soknene Skjold, Vats og Tysvær. Tysvær vart frådelt som eigen kommune i 1849, og Vats vart frådelt i 1891, så deretter var Skjold kommune og sokn identiske. I 1964 vart Flatnes krins overført til Sveio kommune, og i 1965 vart kommunen oppløyst og oppdelt mellom kommunane Vindafjord og Tysvær.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.