Haugalandet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Haugalandet
Remove ads

Haugalandet er eit distrikt nord i Rogaland (og sør i Hordaland). Det er ikkje eit historisk landskap som mange andre norske distrikt, men eit funksjonelt omgrep som har vorte etablert på 1900-talet som nemning på den relativt unge byen Haugesund og opplandet.

Thumb
Haugalandet frå lufta.

Haugalandet omfattar stort sett Haugesundshalvøya og nærliggande øyer, men nokon eintydig definisjon av kvar grensene går finst ikkje. Rogalandskommunane Haugesund, Karmøy, Utsira, Tysvær, Bokn og Vindafjord vert alltid medrekna. Desse kommunane (unnateke gamle Ølen kommune som vart innlema i Vindafjord i 2006) utgjorde tidlegare den nordvestre delen av Ryfylke, men vert i dag sjeldan rekna dit.

Ølen var ein del av Sunnhordland i grannfylket Hordaland. Dit høyrer framleis Etne og Sveio kommunar, særleg i historisk forstand, men dei vert i mange samanhengar òg rekna til Haugalandet, der dei naturlegare høyrer heime når det gjeld f.eks pendling og handel. Også Suldal og Sauda, vert rekna til Haugalandet i enkelte samanhengar, men er ellers framleis ein del av Ryfylke.

Haugaland domssokn femnar om alle ovan nemnde kommunar, unnateke Sveio.

Remove ads

Kommunar

Meir informasjon Nr., Namn ...
Remove ads

Massemedium

Haugesunds Avis er største avis, og den einaste som dekker heile regionen. TV Haugaland dekker òg området.

Namnet

Haugalandet har namn frå garden Hauge, som òg har gjeve namn til distriktets sentrum, Haugesund. Namnet skal fyrst ha vore nytta av Ivar Aasen, i diktet «Haraldshaugen» frå 1852. Fyrste vers er slik:

Her ser eg Haralds
Haug fyre Augom;
lenge var eg lystad
at lydast til honom.
Botnad paa Berget
berrsynt mun han standa
millom Hump og Hamar
paa Hauga-Landet.

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads