From Wikipedia, the free encyclopedia
Skien kyrkje er ei krosskyrkje frå 1894 i Skien kommune i Telemark.
Skien kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Rune Mathisen | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Skien | ||
Sokn | Skien | ||
Fellesråd | Skien | ||
Type | krosskyrkje | ||
Arkitekt | Hagbarth Schytte-Berg | ||
Teknikk | mur | ||
Material | teglstein | ||
Innvigd | 31. august 1894 | ||
• Endringar | Restaurert 1920–22, 1961–66, 1969–70, 1985–87, frå 2004 | ||
Tårn | tvillingtårn i søraust, 68 meter høge | ||
Klokker | 4, støypt i Tyskland | ||
Kyrkjegard | Lie kyrkjegard nordvest for kyrkja | ||
Orgel | J.H. Jørgensen, 1954 | ||
Sitjeplassar | 1047[1] | ||
Diverse | Glasmåleri utført av Hemmersdorf & Co | ||
Skien kyrkje 59.21049001°N 9.60605264°E | |||
Wikimedia Commons: Skien kirke | |||
Skien har hatt kyrkje sidan mellomalderen, og den førre kyrkja, som var frå 1783, brann i den store bybrannen i 1886. Dagens kyrkje vart teikna av Hagbarth Schytte-Berg, som vann ein arkitektkonkurranse.
Skien kyrkje er ei monumental kyrkje som ein lett kan ta for å vere domkyrkje, men ho er «berre» prostikyrkje. Forma er som ein latinsk kross, og kyrkja kan seiest å vere eit utstillingsvindauge for norsk fasade- og dekorstein. Dette er ikkje uproblematisk. Det har vore naudsynt å restaurere fasaden ei rekkje gonger, og det har òg vore problem med fundamenteringa.
Næraste kyrkjegard er Lie kyrkjegard, om lagt hundre meter nordvest for kyrkja.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.