From Wikipedia, the free encyclopedia
Skarnes er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sør-Odal kommune i Innlandet. Tettstaden har 2 695 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ved Glomma, på begge sidene av elva, ved munningen av den mindre elva Oppstadåa som renn ut i Glomma. Nord- og sørsida av Skarnes er knytt saman med Skarnes bru frå 1880-åra.[1]
Skarnes | |||
tettstad | |||
Skarnes stasjon | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Sør-Odal | ||
Areal | 2,44 km² | ||
Folketal | 2 695 (2023) | ||
Folketettleik | 1 105 / km² | ||
Postnummer | 2100 SKARNES | ||
Preposisjon | på Skarnes | ||
Skarnes 60.25391°N 11.68485°E | |||
Wikimedia Commons: Skarnes | |||
Fylkesveg 24 går nordover frå Skarnes til Hamar. Det meste av busetnaden og industrien på Skarnes ligg ved stasjonen på Kongsvingerbanen, på sørsida av elva. Skarnes har mølle, kornsilo og noko trevareindustri, i tillegg til vidaregåande skole og Solbakken folkehøgskole. Det er friluftsmuseum på Odalstunet, med gardstun og husmannsplass.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.