Sjirvan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sjirvan (aserbajdsjansk Şirvan), òg skrive Shirvan, Sharvan, Shirwan, Shervan, Sherwan og Šervan, er ein historisk region aust i Kaukasus, og framleis er dette namnet i bruk om området i dag.[1] I dag er regionen eit industri- og jordbruksområde i Aserbajdsjan som strekkjer seg frå vestkysten av Kaspihavet og elva Kura og med senter kring Shirvansletta.[2]
Shirvanshah var i mellomalderen tittelen på den persiske herskaren over området. Dei styrte området sjølvstendig eller som vasallar av større rike frå 800 til 1607, då safavidane tok over området.