Sitronkake
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sitronkake er ei kake smaksett med sitron. Ein kan bruka både sitronjus og sitronskal, i sjølve kaka, i fyllet og til glasur.[1][2][3]
Vanlege sitronkaker er formkake med glasur, som gjerne er kvit og ligg i eit lag oppå kaka. Den eldste kjende norske oppskrifta på slik sitronkake er frå 1835.[4] Ein variant av kaka er engelsk lemon drizzle cake, der glasuren er litt rennande[5] og blir helt over kaka medan ho er varm.[6] Det finst også variantar utan glasur.[7]
Sitronkaker er vanlege på kafear. Fleire av dei blir også selde ferdiglaga i butikkar. Eit dansk døme på dette er citronmåne, som blir laga av Dan Cake.[8]