From Wikipedia, the free encyclopedia
Sir Bani Yas (arabisk صير بنى ياس) er ei øy 170 km sørvest for Abu Dhabi, hovudstaden i Dei sameinte arabiske emirata. Ho ligg 9 km utafor Jebel Dhanna, som er kryssingspunkt til andre øyar som Dalma. Sir Bani Yas er 17,5 km frå nord til sør og 9 km frå aust til vest.[1] Øya hadde tidlegare det største viltreservatet i Arabia. Det dekkjer 87 km² og vart oppretta i 1977 av sjeik Zayed Bin Sultan Al Nahyan.[2] Takka vere tiår med bevaringsarbeid og økologiske investeringar, er øya no heimstad til tusenvis av frie dyr og fleire millionar tre og planter.
Sir Bani Yas | |||
øy | |||
Sir Bani Yas | |||
Land | Dei sameinte arabiske emirata | ||
---|---|---|---|
Emirat | Abu Dhabi | ||
Del av | Emiratet Abu Dhabi | ||
Koordinatar | 24°20′N 52°36′E | ||
Lengd | 17,5 km | ||
Areal | 87 km² | ||
Sir Bani Yas 24.333333333333°N 52.633333333333°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Sir Bani Yas | |||
Namnet Sir Bani Yas kjem frå bani yas-stamma, som var dei første som busette seg i Abu Dhabi. Sir Bani Yas er toppen av ein saltdom som vart skapt for millionar av år sidan av geologiske krefter. Dei første menneska kom til øya for fleire tusen år sidan. Ein har oppdage 36 arkeologiske funnstader på øya. Ein av dei eldste stadane er ruinane av eit nestoriansk kristent kloster, datert attende til 600 evt.
Sir Bani Yas vart først nemnt i europeisk litteratur kring 1590, då den venetianske gullsmeden Gasparo Balbi lista opp «Sirbeniast» som ei øy der ein ofte fann perler. Ho vart skildra i detalj i 1820- og 1850-åra av britiske marineoffiserar som kartla den nedre delen av Persiabukta.
I 1971 vart sjeik Zayed den første presidenten i Dei sameinte arabiske emirata, og valde øya som tilfluktsstad. I 1977 forbaud han all jakt på øya og starta å utvikle staden som eit viltreservat.[2] Det vart planta millionar av tre og fleire dyreartar vart innført på øya, som gaselle, oryx, lama, nandu, sjiraff og struts. Då reservatet var oppretta, ønskte sjeik Zayed å dele resultata med verda, og opna øya for turistar i helgene. Desse turane vart så populære at ein ofte måtte bestille tur eit år i forvegen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.