norsk journalist og programleiar From Wikipedia, the free encyclopedia
Silje Therese Reiten Nordnes (fødd 28. november 1984) er ein norsk journalist og programleiar i radio og tv. Frå 2012 til 2019 var ho programleiar for radioprogrammet P3morgen på NRK P3 saman med Ronny Brede Aase og Markus Neby.[1][2] Hausten 2020 og 2021 var Nordnes programleiar for Maskorama.
Silje Nordnes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. november 1984 (39 år) Trondheim |
Yrke | programleiar, radioprogramleiar, journalist |
Høgd | 1,67 meter |
Silje Nordnes på Commons |
Nordnes vart fødd i Trondheim og voks opp på Hamarøy. Ho har ein bachelorgrad i latinamerikanske studium frå UiO og har studert journalistikk på Høgskulen i Volda[3]. Før Nordnes starta i NRK P3 jobba ho i Radio Nova og NRK Nordland.[3] Ho har òg jobba som guide ved barndomsheimen til Knut Hamsun og på Spar Hamarøy. Våren 2017 var Nordnes programleiar for fiskerealityprogrammet Skårungen, som vart sendt på NRK1.
Nordnes har som programleiar i P3morgen vunne fleire prisar på Prix Radio, blant anna «Årets programleiar/programleiarteam» i 2014 og 2015.[4][5]
I 2014 var Nordnes, saman med kollegaen Ronny Brede Aase, programleiar for VG-lista topp 20 på Rådhusplassen i Oslo.[6] I 2015 og 2016 var dei sidekick-programleiarar i pausane.[6]
Nordnes har òg vore programleiar for P3aksjonen på NRK P3 i 2012–2017 saman med høvesvis Ronny Breie Aase, Live Nelvik, Mathias Nylenna, Niklas Baarli og Tuva Fellman. 9. juni 2016 sykla ho Nordsjørittet saman med P3-kollega Tuva Fellman for å støtta TV-aksjonen 2015, som gjekk til Regnskogfondet.[7][8]
Etter terroråtaket i Orlando 12. juni 2016 delte ho kjenslene sin rundt hendinga under sending og tok til tårene på direktesend radio.[9] Innslaget vart filma og delt på Facebook-sida til P3morgen.[10] Klippet fekk massiv merksemd og vart delt over 80 000 gonger på éin time.[11] Fleire riksdekkjande avisar og nettavisar skreiv om hendinga, blant anna VG og Dagsavisen. Innslaget vart kåra til årets radioaugneblikk 15. september 2017.[11][12]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.