![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a1/Zumsteinspitze_von_der_Dufourspitze.jpg/640px-Zumsteinspitze_von_der_Dufourspitze.jpg&w=640&q=50)
Signalkuppe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Signalkuppe eller Punta Gnifetti er eit fjell i Monte Rosa-massivet i Wallis-Alpane på grensa mellom Italia og Sveits med ei høgd på 4 554 meter over havet. Fjellet er kalla opp etter «Signalet», ein tind på austryggen.
Kjappe fakta Land, Regionar ...
Signalkuppe | |||
Punta Gnifetti | |||
fjell | |||
Signalkuppe bak Zumsteinspitze. Margherita-hytta er så vidt synleg på toppen. | |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Regionar | Piemonte, Valais | ||
Fjellkjede | Wallis-Alpane | ||
Høgd | 4 554 moh. | ||
Primærfaktor | 102 m ↓ mot Dufourspitze | ||
Koordinatar | 45°55′38″N 7°52′37″E | ||
Lettast tilkomst | brevandring via vestflanken og sørvestryggen (F) | ||
Førstestiging | Giovanni Gnifetti | ||
- dato | 9. august 1842 | ||
![]() Signalkuppe 45.927222222222°N 7.8769444444444°E / 45.927222222222; 7.8769444444444 | |||
Wikimedia Commons: Signalkuppe | |||
Lukk
Toppen av Signalkuppe vart først nådd av Giovanni Gnifetti, ein sokneprest frå Alagna Valsesia, i lag med J. Farinetti, C. Ferraris, C. Grober, J. og G. Giordiano og guidar den 9. august 1842.
Den høgastliggande hytta i Europa, Margheritahytta (kalla opp etter den italienske dronninga Margherita av Savoie) ligg på toppen av fjellet. Ho vart bygd i 1890-1893 med støtte frå den italienske krona, og Dronning Margherita opna ho i 1893. Den nye hytta er kledd med kopar for å verne ho mot lynnedslag.