![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/77/Mountains_of_Zermatt.jpg/640px-Mountains_of_Zermatt.jpg&w=640&q=50)
Monte Rosa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Monte Rosa er eit fjellmassiv i Wallis-Alpane i Italia (Piemonte og Aostadalen) og Sveits (Valais). Dufourspitze er den høgaste toppen i Monte Rosa-massivet og det høgaste fjellet i Sveits med ei høgd på 4 634 meter over havet.
Monte Rosa | |||
Fjellkjede | |||
Dufourspitze (venstre) og Lyskamm (midten) | |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Regionar | Valais, Piemonte, Aostadalen | ||
Del av | Wallis-Alpane, Alpane | ||
Høgaste punkt | Dufourspitze | ||
• høgd | 4 634 moh. | ||
- koordinatar | 45°56′12.6″N 07°52′01.4″E | ||
![]() Monte Rosa 45.936667°N 7.866944°E / 45.936667; 7.866944 | |||
Wikimedia Commons: Monte Rosa | |||
Namnet kjem ikkje frå det italienske ordet «rosa» (som har same tyding på norsk) som mange trur, men frå det frankoprovsensalske ordet roisa som tyder «isbre». [1]
På klåre dagar, som ein ofte har her, er Monte Rosa-massivet eit flott syn frå Posletta, særleg i dei øvre områda vest i Lombardia og aust i Piemonte. Det dominerer horisonten og tårnar opp omkring dei mindre alpetoppane i nærleiken. Utsikta er særleg vakker frå Malpensa internasjonale flyplass.
Det ligg fleire skistader rundt Monte Rosa-massivet. Plateau Rosa i ei høgd på om lag 3 500 meter er eit kjent sommerskisenter med permanent snødekke året rundt på grunn av høgda. Ein kan nå skisenteret med taubane frå Cervinia. Andre skisenter i omegnen er Zermatt, Gressoney, Champoluc, Alagna Valsesia og Macugnaga. Monte Rosa er ikkje vanskeleg å nå toppen av, men kan vere utfordrande nok og farlege for uerfarne folk, særleg på grunn av brå vêrendringar og bresprekker.