sang av den engelske sangeren, låtskriveren og rockemusikeren Peter Gabriel (1982) From Wikipedia, the free encyclopedia
«Shock the Monkey» er ein song frå 1982 av Peter Gabriel. Han vart gjeven ut som singel og nådde 29. plass på Billboard Hot 100 i USA og toppen av Billboard Top Tracks-lista.[2] Songen var den første Gabriel fekk på Topp 40 i USA. I Storbritannia nådde songen 58. plass på singellista. Songen vart gjeven ut på det fjerde soloalbumet til Gabriel, i USA kalla Security. I tillegg til den «ubøyelege gjentakande frase» som «ikkje høyrdest ut som noko anna på radio på den tida»,[3] er songen kjend for den populære og noko forstyrra musikkvideoen med Gabriel (med kvit andletmåling) og ei kapusinarape som såg skremd ut.
Shock the Monkey Singel av Peter Gabriel frå albumet Peter Gabriel (Security) | ||
B-side |
Soft Dog | |
---|---|---|
Språk | engelsk, tysk | |
Utgjeve | 14. september 1982 | |
Innspelt | 23. juni 1981 – 10. juli 1982 | |
Sjanger | New wave[1] | |
Lengd |
| |
Selskap | Geffen | |
Komponist | Peter Gabriel | |
Tekstforfattar | Peter Gabriel | |
Låtskrivar(ar) | Peter Gabriel | |
Produsent | *David Lord
| |
Peter Gabriel-kronologi | ||
«I Have the Touch» (1982) |
Shock the Monkey | «I Don't Remember» (live) (1983)
|
Trass i tittelen og innhaldet i videoen vert songen ofte rekna for å handle om anten dyrerettar eller ein referanse til dei kjende eksperimenta til Stanley Milgram skildra i boka hans Obedience to Authority.[4] Songen handlar ikkje om nokon av delane, men ein annan Gabriel-song, «We Do What We're Told (Milgram's 37)», frå So i 1986, omhandlar Milgram direkte. Gabriel sjølv har skildra «Shock the Monkey» som «ein kjærleikssong» som utforskar korleis sjalusi kan utløyse dei grunnleggande instinkta ein har. Apa er ikkje ei bokstavleg ape, men ein metafor for sjalusikjensla.[5]
«Shock the Monkey» vart gjeven ut på ein 7" biletdisk i tillegg til svarte vinylsinglar på 7" og 12". Ein remix på 8:12 der vers og refreng er sungen av Gabriel på tysk innimellom engelske vers og refreng. Eit konsetopptak av songen finst på albumet Plays Live (1983). Songen finst òg på samlealbuma Shaking the Tree (1990) og Hit (2003). Musikkvideoen finst på DVD-samlinga Play (2004).
Det vart halde ien konkurranse på Internett i septemnber 2006 av Realworld Remixed der musikarar og lydteknikarar kunne sende inn ein remix av songen. Dei originale lydspora vart gjort tilgjengeleg for nedlasting, slik at ein fekk eit sjeldant høve til å arbeide med råmaterialet frå ein hitsong. Vinnare var Multiman.
|
Alternativ metal-bandet Coal Chamber spelte inn «Shock the Monkey» i 1999 for album Chamber Music. Med seg hadde dei Ozzy Osbourne på gjestevokal. Det vart òg laga musikkvideo av singelen regissert av Dean Karr. Andre som har spelt inn songen er Don Ho, det finske bandet Suburban Tribe og Vitamin String Quartet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.