Serpentine
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Serpentine (òg kalla Serpentine River) er ein 11 hektar stor kunstig innsjø i Hyde Park i London i England, skapt i 1730. Sjølv om namnet vert nytta om heile innsjøen, er det i røynda berre den austlege halvdelen som heiter Serpentine. Serpentine Bridge, som markerer grensa mellom Hyde Park og Kensington Gardens, markerer òg vestgrensa for Serpnetine. Den lange og smale vestlege halvdelen av innsjøen heiter i røynda Long Water. Serpentine, som tyder «slange», har fått namnet sitt er den svingande forma.[1]
Serpentine | |||
innsjø | |||
Serpentine Bridge from Kensington Gardens | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Kunstig innsjø | ||
Tilsig | Westbourne | ||
Utløp | Westbourne | ||
Koordinatar | 51°30′19″N 0°10′10″W | ||
Serpentine 51.505277777778°N 0.16944444444444°W | |||
Wikimedia Commons: The Serpentine, London | |||
Opphavleg fekk innsjøen vatn frå Westbourne i den italienske hagen i den nordvestlege enden av Long Water. Westbourne slutta å føre vatn til Serpentine i 1834, då elva hadde vorte altfor forureina,[2] og han får no vatn pumpa frå Themsen. The Long Water går søraustover frå dette punktet til Serpentine Bridge, der innsjøen svingar brått austover. I austenden renn vatnet ut av innsjøen via ei sluse i demninga. Historisk rann vatnet sørover dette punktet og markerte grensa mellom Westminster og Kensington, men etter 1850 har elva vorte omdirigert til ein kulvert og under bakken før ho munnar ut i Themsen nær Chelsea Bridge.
Innsjøen er relativt grunn og den største djupna er 12 meter.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.