Serengeti
From Wikipedia, the free encyclopedia
Serengeti (frå masaispråk Serengit, 'endelause sletter'[1]) er eit økosystem i Afrika. Det ligg nord i Tanzania og strekkjer seg til sørvestre Kenya mellom 1 og 3 sørleg breiddegrad og 34 og 36 austleg breiddegrad. Området dekkjer rundt 30 000 km² og omfattar verdsarvområdet Serengeti nasjonalpark og fleire jaktreservat. Naturreservatet Masai Mara grensar til Serengeti nasjonalpark i vest.


Serengeti omfattar fleire ulike habitat, som elve- og våtmarksområde, skogar og grassletter. Området huser rundt 70 større pattedyr og rundt 500 fugleartar. Den største trekket av landlevande pattedyr i verda føregår her.[2] Flokkar som kan omfatta over éin million gnuar, fleire tusen sebraer og gasellar i tillegg til rovpattedyr som løver, hyenar og sjakalar som følgjer dei gjer dette til ei spektakulær hending.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.