Seoulfredsprisen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Seoulfredsprisen (koreansk 서울평화상) er ein pris som blei etablert i 1990 og delt ut annakvart år til minne om Sommar-OL 1988. Desse olympiske leikane blei arrangerte i den sørkoreanske hovudstaden Seoul og samla deltakarar frå 160 nasjoner i vennskapleg kappestrid. Prisen er etablert av Sør-Korea for å reflektere folket i Sør-Korea sine ynske, særleg ynsket om fred på jord. I gruppa som nominerer til prisen sit 1100 personer, 300 koreanarar og 800 frå andre nasjonar. Vinnaren får eit diplom, ein plakett og 200 000 US-dollar i prispengar.[1]