![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/66/Nakka%25C5%259F_Selim.jpg/640px-Nakka%25C5%259F_Selim.jpg&w=640&q=50)
Selim I av Det osmanske riket
From Wikipedia, the free encyclopedia
Selim I (10. oktober 1470–22. september 1520) var sultan i Det osmanske riket frå 1512 til 1520. Selim I kom til trona ved å få brørne og nevøane sine drepne, på same vis som bestefaren hans Mehmed II.[1] Sjølv om regjeringstida hans berre varte i åtte år, hadde han stor innverknad på omfanget til riket. Som herskar førte Selim eit stort erobringsfelttog i Midtausten, og overvann Mamelukksultanatet, slik at han fekk kontroll over Levanten, Hejaz, Tihamah og sjølve Egypt. Kort tid før han døydde i 1520 dekte Det osmanske riket rundt 3 400 000 km². Det hadde vokse 70 % under han.[1]
Selim I av Det osmanske riket | |||
![]() Osmansk miniatyr av Selim I | |||
Sultan av Det osmanske riket | |||
Regjeringstid | 1512-1520 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 10. oktober 1470 | ||
Fødestad | Amasya | ||
Død | 22. september 1520 | ||
Dødsstad | Çorlu | ||
Gravstad | Yavuz Selim Mosque | ||
Føregangar | Bayezid II | ||
Etterfølgjar | Suleiman I | ||
Gift med | Ayşe Hatun, Hafsa Sultan | ||
Dynasti | Det osmanske dynastiet | ||
Far | Bayezid II | ||
Mor | Gülbahar Sultan | ||
Born | Suleiman I av Det osmanske riket, Hatice Sultan, Şah Sultan, Beyhan Sultan, Hafize Sultan, Fatma Sultan, Şehzade Sultan |
I Persarriket sigra han over sjah Ismail I i slaget ved Chaldiran den 23. august 1514. Han erobrar også Armenia, vestre delen av Aserbajdsjan, Kurdistan og Mesopotamia. Deretter vende han seg mot Mamelukksultanatet i Egypt, og slo dei i Syria i 1516. Han inntok så Syria, Palestina og Egypt. Etter slaget ved Heliopolis marsjerte Selim 1517 inn i Kairo.
Ved å anlegga eit arsenal i Konstantinopel grunnla han det osmanske riket som sjømakt og som vernar av dei heilage byane Mekka og Medina tok han tittelen kalif.