Sderot
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sderot (hebraisk skrift שְׂדֵרוֹת) er ein by vest i Negev i Det sørlege distriktet i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde han mot slutten av 2011 eit folketal på 24 000.[1] Byen har stadig vore eit mål for Qassam-rakettar frå Gazastripa sidan 2001.
Sderot | |||
שְׂדֵרוֹת | |||
by | |||
Offentleg bomberom i Sderot | |||
|
|||
Namneopphav: Avenyar | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Koordinatar | 31°31′22″N 34°35′43″E | ||
Areal | 4,472 km² | ||
Folketal | 24 000 (2011)[1] | ||
Folketettleik | 5 367 / km² | ||
Grunnlagd | 1951 | ||
- Bystatus | 1996 | ||
Borgarmeister | David Buskila | ||
Sderot 31.525°N 34.596944444444°E / 31.525; 34.596944444444 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Sderot | |||
Sderot ligg mindre enn 1 km frå Gaza (det næraste punktet er 840 m).[2] Rakettåtak mot byen har teke livet av 13 israelarar fram til 2008, skadd dusinvis og ført til millionar av dollar i skadar, i tillegg til å ha hatt stor innverknad på dagleglivet.[3] Studiar har vist at flysirenene og eksplosjonar har ført til psykologiske traume hos enkelte innbyggjarar.[4] Frå midten av juni 2007 til midten av februar 2008 vart det avfyrt 771 rakettar og 857 granatar mot Sderot og det vestlege Negev, i snitt 3-4 kvar dag.[5]