Scotiaplata
tektonisk plate / From Wikipedia, the free encyclopedia
Scotia-plata (spansk Placa Scotia) er ei jordskorpeplate på kanten av Søratlanteren og Sørishavet. Ein reknar med at ho blei danna tidleg i eocen, då Drakesundet som skil Sør-Amerika frå Antarktika opna seg.[1] Dette er ei lita plate med rørsler som hovudsakleg blir styrte av dei to større platene ho er omgjeven av: Den søramerikanske plata og den antarktiske plata.[2]