![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/65/L._Ron_Hubbard_conducting_Dianetics_seminar_in_Los_Angeles_in_1950.jpg/640px-L._Ron_Hubbard_conducting_Dianetics_seminar_in_Los_Angeles_in_1950.jpg&w=640&q=50)
Scientologi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Scientologi eller Scientologikyrkja er ei rørsle og organisasjon grunnlagd i 1954 under namnet Church of Scientology California av den amerikanske science fiction-forfattaren L. Ron Hubbard (1911–1986).[1] Ho blir tidvis skildra som ei nyreligiøs rørsle, medan tyske styresmakter og andre skildrar henne som autoritær, antidemokratisk og kommersiell. Scientologikyrkja byggjer på eit livssyn delvis påverka av buddhismen og gnostisismen, og på «dianetikk» eller «mental helsevitskap», ein påstått vitskapleg underbygd metode for å oppnå åndeleg fridom og personleg utvikling på eit sikrare og breiare grunnlag enn tidlegare religionar og psykologiske teoriar.[1][2][1] Medlemmane til kyrkja kjøper kurs, tek testar som viser kor langt dei har kome i den åndelege utviklinga si, og får kursbevis.[1] Scientologane er òg aktive kritikarar av psykiatrien og lækjemiddelindustrien som dei meiner gjer meir skade enn godt fordi dei ikkje tek omsyn til at mennesket er eit åndeleg vesen.[1] Scientologikyrkja har ifølgje seg sjølv «millionar av medlemmar» i 159 land.[2]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/65/L._Ron_Hubbard_conducting_Dianetics_seminar_in_Los_Angeles_in_1950.jpg/640px-L._Ron_Hubbard_conducting_Dianetics_seminar_in_Los_Angeles_in_1950.jpg)
Verksemda, metodane og medlemshandsaminga er blitt sterkt kritiserte, og dei høge kurshonorara har ført til fleire rettssaker.[1] Blant anna dømde Borgarting lagmannsrett i 1996 rørsla til å betala tilbake kursutgifter på kr 600 000 til ein tidlegare medlem.[1]
Scientologikyrkja kom til Noreg på midten av 1970-talet.[1]