From Wikipedia, the free encyclopedia
Schreckhorn er eit 4 078 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i kantonen Bern. Av fjelltoppane i Sveits som er over 4 000 m er Schreckhorn den som ligg lengst mot nord.
Schreckhorn | |||
fjell | |||
Schreckhorn sett frå nord | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Bern-Alpane | ||
Høgd | 4 078 moh. | ||
Primærfaktor | 785 m ↓ mot Finsteraarhorn | ||
Koordinatar | 46°35′23.9″N 8°07′05.3″E | ||
Førstestiging | Leslie Stephen | ||
- dato | 16. august 1861 | ||
Schreckhorn 46.58993°N 8.11816°E | |||
Plasseringa i Sveits
| |||
Wikimedia Commons: Schreckhorn | |||
Schreckhorn ligg 10 km søraust for Grindelwald, mellom Øvre Grindelwaldbreen og Nedre Grindelwaldbreen. Området elles består av folketomme bredalar med dei store Aargletscher og Fieschergletscher. Toppen av det nær jamhøge Lauteraarhorn ligg tett attmed Schreckhorn. Høgste fjelltoppen i Bern-Alpane, Finsteraarhorn ligg 10 km lenger sør. Berggrunnen er den same på Schreckhorn som i Aar-massivet.
Fyrste bestiginga av Schreckhorn fann stad den 16. august 1861. Briten Leslie Stephen saman med Ulrich Kaufmann, Christian Michel og Peter Michel klatra ei rute via den øvste Schreck-renna til Schrecksattel og deretter opp søraustegga. Dette var normalruta dei neste femti åra, i dag vert ho sjeldan nytta.
Fleire fjellturistar og klatrelag hadde tidlegare prøvd å kome til topps. Best kjende er forsøket som den sveitsiske naturforskaren Joseph Hugi gjorde i 1828 (Hugisattel på Schrekhorn er oppkalla etter han), og den klatreturen som den sveitsiske geologen Pierre Desor la ut på med sine fjellførarar i 1842. Ved eit mistak kleiv klatregruppa ein mindre fjelltopp ved Lauteraarhorn.
Nordvestegga vart klatra fyrste gongen 7. august 1883 av John Stafford Anderson, George Percival Baker, og fjellførarane Ulrich Almer og Aloys Pollinger.
Fyrste oppstiginga over sørvest-egga, dagens normalrute på Schreckhorn, vart føreteken 26. juli 1902 av John Wicks, Edward Branby og Claude Wilson. Dei bestemte seg for å klive den svært bratte egga utan hjelp av lokale fjellførarar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.