From Wikipedia, the free encyclopedia
Scheat eller Beta Pegasi (β Peg, β Pegasi) er ei raud kjempestjerne i stjernebiletet Pegasus. Den tilsynelatande storleiksklasse er 2,42, som gjer ho til den nest mest lyssterke i stjernebiletet etter Epsilon Pegasi.
Observasjonsdata Epoke J2000 Ekvinoks J2000 | |
---|---|
Stjernebilete | Pegasus |
Rektascensjon | 23h 03m 46.45746s[1] |
Deklinasjon | +28° 04′ 58.0336″[1] |
Karakteristikk | |
Spektralklasse | M2.3 II-III[2] |
U−B fargeindeks | +1.96[3] |
B−V fargeindeks | +1.67[3] |
Variabel type | Halvregulær[4] |
Astrometri | |
Radialsnøggleik (Rv) | +8.7[5] km/s |
Parallakse (π) | 16.64 ± 0.15[1] mas |
Avstand | 196 ± 2 ly (60,1 ± 0,5 pc) |
Absolutt storleiksklasse (MV) | -1.49 |
Detaljar | |
Masse | 2.1[6] M☉ |
Radius | 95[7] R☉ |
Overflategravitasjon (log g) | 1.20[8] cgs |
Temperatur | 3,689[8] K |
Metallisitet [Fe/H] | –0.11[8] dex |
Rotasjonssnøggleik (v sin i) | 9.7[9] km/s |
Andre namn | |
Databasereferanse | |
SIMBAD | data |
Basert på parallaksemålingar ligg Beta Pegasi kring 196 lysår.[1] Ho er uvanleg for å vere ei lyssterk stjerne fordi ho har ein relativt låg overflatetemperatur, samanlikna med stjerner som sola.[7] Denne stjerna har ein spektralklasse på M2.3 II-III,[2] som indikerer at spektrumet har eigenskapar mellom ei lyssterk kjempe og ei kjempestjerne. Ho har utvida seg til å bli 95 gonger så stor som sola og ho lyser 1500 gonger så sterkt.[7] Den effektive temperaturen til den ytre envelopen til stjerna er kring 3 700 K,[8] og gjev stjerna ein karakteristisk oransje-raud farge til ei klasse M-stjerne.[10]
Beta Pegasi er ein halvregulær variabel med ein periode på 43,3 dagar[4] med ein lysstyrke som varierer frå +2,31 til +2,74.[11]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.