![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/47/Santander_comarca_Cantabria.png/640px-Santander_comarca_Cantabria.png&w=640&q=50)
Santanderbukta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Santanderbukta er både ein comarca i Cantabria og det største estuaret på nordkysten av Spania, med eit areal på 22,42 km², ei lengd på 9 km og ei breidde på 5 km. Sidan byen Santander og storbyområdet til byen[1] ligg ved bukta, bur nesten halvparten av folkesetnaden i regionen rundt bukta.[2] Den menneskelege påverknaden på bukta er derfor stor.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/47/Santander_comarca_Cantabria.png/640px-Santander_comarca_Cantabria.png)
Ved munningen av bukta ligg Sardinero-strendene og Mouroøya med eit fyr. Innløpet til den indre delen av bukta er mellom Magdalenahalvøya og sandbankane på El Puntal, ei lang rekkje strender og sanddyner som vernar dei indre områda av bukta.
Store myrområde rundt bukta er drenerte og i dag nytta som grassletter, hamneområdet i Santander og nye industri- og bustadområde.