![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d2/Ruinas_ovila.jpg/640px-Ruinas_ovila.jpg&w=640&q=50)
Santa María de Óvila
From Wikipedia, the free encyclopedia
Santa María de Óvila er eit tidlegare cisterciensar-kloster som blei bygd i Spania frå 1181 ved Tagus-elva nær Trillo i Guadalajara, rundt 140 km nordaust for Madrid. I dei neste fire hundreåra, under velstandstider, blei det vesle klosteret utvida og forbetra gjennom fleire ulike byggeprosjekt. Velstanden gjekk markant tilbake på 1800-talet, og i 1835 blei klosteret konfiskert av dei spanske styresmaktene og selt til private eigarar som brukte bygningane til vern for buskap.
Santa María de Óvila | |||
![]() | |||
Stad | Guadalajara i Castilla-La Mancha | ||
---|---|---|---|
Opna | 1213 (vigsla) | ||
Stil | gotisk arkitektur | ||
![]() Santa María de Óvila 40.70083333°N 2.55722222°W / 40.70083333; -2.55722222 |
Den amerikanske forleggjaren William Randolph Hearst kjøpte delar av klosteret i 1931 med tanke på å bruke steinane til å byggja eit stort og fantasifullt slott i Wyntoon i California, men etter at rundt 10 000 steinar var fjerna og sende, blei dei liggjande forlatne i San Francisco i tiår. Steinane er no på ulike stader rundt om i California: den gamle kyrkjeportalen blei reist ved University of San Francisco, og kapittelhuset blei sett saman att av trappistar ved Abbey of New Clairvaux i Vina. Andre steinar er nytta som enkle dekorative element i den botaniske hagen i Golden Gate Park. For å støtta arbeidet med å gjenreisa kapittelhuset blei det laga ei linje belgisk øl ved Sierra Nevada Brewing Company under merket Ovila Abbey.
Dei nye styresmaktene i Spania under den andre republikken erklærte klosteret som eit nasjonalt monument i juni 1931, men ikkje tidsnok til å hindra at mange steinar blei fjerna. I dag står bygningane og murane som er att på privat jordbruksmark.