![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/42/Santa_cruz_-_panoramio_%25282%2529.jpg/640px-Santa_cruz_-_panoramio_%25282%2529.jpg&w=640&q=50)
Santa Cruz de Tenerife
From Wikipedia, the free encyclopedia
Santa Cruz de Tenerife (ofte berre kalla Santa Cruz) er hovudstaden (i lag med Las Palmas) og den nest største byen på Kanariøyane og den 21. største byen i Spania. Han har kring 220 000 innbytggjarar. Storbyområdet har kring 400 000-600 000 innbyggjarar, avhengig av kvar kjelder ein ser på.[1][2] Santa Cruz er den nest største byen i Den europeiske unionen som ikkje ligg i Europa. Santa Cruz de Tenerife er òg hovudstad på øya Tenerife (den mest folkerike øya i Spania) og provinshovudstad i provinsen Santa Cruz de Tenerife. Han ligg nordaust på Tenerife, om lag 210 kilometer utanfor nordvestkysten av Afrika i Atlanterhavet. Mellom 1833 og 1927 var Santa Cruz de Tenerife aleine hovudstad på Kanariøyane, før denne rolla i 1927 vart delt slik som i dag.[3][4] I perioden som einaste hovudstad var byen det kulturelle, politiske og økonomiske senteret på Kanariøyane.[5] Santa Cruz er den travlaste hamnebyen på Kanariøyane og er ein av dei store hamnebyane ved Atlanterhavet med mykje cruiseanløp.[6] Byane Santa Cruz og San Cristóbal de La Laguna har vokse saman og har til saman kring 380 000 innbyggjarar. Dette gjer dei til det største byområde på Kanariøyane (når ein ikkje ser på kommunegrenser).[7][8][9]
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/03/Auditorio_de_Tenerife_Pano.jpg/640px-Auditorio_de_Tenerife_Pano.jpg)
Santa Cruz de Tenerife | |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Provins |
![]() Kanariøyane Santa Cruz de Tenerife | ||||
Grunnlagd | 1492 | ||||
Borgarmeister | Miguel Zerolo Aguilar | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 150,56 km² | ||||
Flatevidd - By |
150,56 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2008) |
221 956 | ||||
Høgd over havet | 4 m | ||||
Tidssone | UTC+0, UTC+01:00 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Plassering | |||||
|
I byen ligg parlamentet til Kanariøyane og den kanariske presidenten sit her. Fleire avdelingar av La Laguna universitet ligg i Santa Cruz, mellom anna for kunst og marine. Dei største landemerkene i byen er Auditorio de Tenerife og Santa Cruz-tårna (Torres de Santa Cruz).
Karnivalet i Santa Cruz de Tenerife traktar i dag etter å verte ein verdsarvstad.[10]