Sandnes i Bygland
From Wikipedia, the free encyclopedia
58.8889°N 7.7260°E / 58.8889; 7.7260
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Sandnes | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder fylke | ||
Kommune | Bygland kommune | ||
![]() Sandnes 58.8889°N 7.726°E / 58.8889; 7.726 |
Lukk
Sandnes i Bygland er ei grend i Bygland kommune. Ho ligg på austsida av Åraksfjorden og sør for Åraksbø. I 1845 budde det 80 personar på Sandnes, i 2009 var 12 personar busette her, medan det i 2011 budde totalt 82 menneske i Åraksbø og på Sandnes.[1]
I 1935 blei Sandnes kyrkje flytta frå staden til Åraksbø, der det budde meir folk. Hausten 1940 hadde dei sett opp Sandnes kapell til erstatning for kyrkja som blei flytta. Kapellet blei først vigsla i 1949.