![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/56/Salt_pannes_and_pools_high_and_low_tide.gif/640px-Salt_pannes_and_pools_high_and_low_tide.gif&w=640&q=50)
Saltsump
From Wikipedia, the free encyclopedia
Salt myr eller saltsump er eit våtmarksområde med høg salinitet. Slike myrer blir ofte danna av brakkvatn i kystområde og elvedelta, der dei gjerne blir oversvømde av tidvatn med jamne mellomrom. Dei kan også oppstå i innlandet gjennom høg fordamping.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/97/Bride-Brook-Salt-Marsh-s.jpg/640px-Bride-Brook-Salt-Marsh-s.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/56/Salt_pannes_and_pools_high_and_low_tide.gif/320px-Salt_pannes_and_pools_high_and_low_tide.gif)
I saltmyrer veks hovudsakleg salttolerante vekstar (halofyttar) som urter, gras eller låge buskar.[1] Salte våtmarker spelar ei viktig rolle i den akvatiske næringskjeda og overføring av næringsstoff til kystvatn. Dei kan også verna kysten og vera viktige habitat for landlevande dyr.[2]
Saltsumper kan vera sårbare mot utslepp frå industri eller landbruk, og mot tilføring av varme når til dømes ei elv har vore brukt som kjølar i kraftverk eller fabrikkar.