From Wikipedia, the free encyclopedia
Sadr eller Gamma Cygni (γ Cyg, γ Cygni) er ei stjerne nord i stjernebiletet Svana, som dannar krysset i asterismen av dei fem stjernene kalla Nordkrossen.
Observasjonsdata Epoke J2000 Ekvinoks J2000 | |
---|---|
Stjernebilete | Svana |
Rektascensjon | 20h 22m 13.70184s[1] |
Deklinasjon | +40° 15′ 24.0450″[1] |
Karakteristikk | |
Spektralklasse | F8 Iab[2] |
U−B fargeindeks | +0.54[3] |
B−V fargeindeks | +0.67[3] |
Variabel type | Pulsating |
Astrometri | |
Radialsnøggleik (Rv) | -7.5[4] km/s |
Parallakse (π) | 1.78 ± 0.27[1] mas |
Avstand | ca. 1 800 ly (ca. 560 pc) |
Absolutt storleiksklasse (MV) | -6.12 |
Detaljar | |
Masse | 12.11 ± 0.71[5] M☉ |
Radius | 150 ± 80[2] R☉ |
Luminositet (bolometrisk) | 33,023[5] L☉ |
Overflategravitasjon (log g) | 1.02 ± 0.10[6] cgs |
Temperatur | 5790 ± 100[6] K |
Rotasjonssnøggleik (v sin i) | 15[7] km/s |
Alder | 1.2 × 107[6] år |
Andre namn | |
Databasereferanse | |
SIMBAD | data |
Sadr har ein tilsynelatande storleiksklasse på 2,23,[3] og er av dei meir lyssterke stjernene på nattehimmelen. Parallaksemålingar har gjeve eit estimat på avstanden til stjerna på 1800 lysår (560 parsec), med ein feilmargin på 15 %.[1] Spektralklassen til stjerna er F8 Iab, som indikerer at ho er ei superkjempe. Sidan 1943 har spekteret til denne stjerna vore eit stabilt ankerpunkt som andre stjerner vert klassifisert etter.[8]
Samanlikna med sola er dette ei enorm stjerne som er 12 gonger solmassen og kring 150 gonger solradien.[5] Ho stråler meir enn 33 000 gonger så mykje energi som sola med ein effektiv temperatur på 6 100 K i den ytre envelopen.[5] Temperaturen gjev stjerna ein gulkvit farge som gjer ho til ei klasse F-stjerne. Massive stjerner som denne brenn kjernebrenselet raskare enn sola, så den estimerte alderen er berre kring 12 millionar år.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.