From Wikipedia, the free encyclopedia
Sadako Sasaki[lower-alpha 1] (7. januar 1943–25. oktober 1955) var ei japansk skulejente som var to år gamal då atombomba fall over Hiroshima 6. august 1945 i nærleiken av heimen hennar ved Misasabrua i Hiroshima. Sadako er hugsa gjennom historia om dei tusen origami-tranene, som blei eit symbol på uskuldige offer for krig. Ei gamal japansk legende fortel at den som faldar tusen origami-traner, ei for kvart år av det tusen år lange livet til trana, vil få oppfylt eit ønske av ei trane. Sadako rakk å falde 644 traner før ho døydde 12 år gamal, men klassekameratane hennar fullførte prosjektet. I 1958 blei ein statue av Sadako med ei papirtrane avduka i fredsparken i Hiroshima, der tusener av japanarar kvart år legg ned papirtraner. Sadako har både blitt eit av dei mest kjende symbola på offer for atombomba og eit førebilete for særs mange japanske jenter. Historia blei fortalt i boka Sadako og de tusen papirtranene.
Sadako Sasaki | |
Statsborgarskap | Japan, Keiserriket Japan |
Fødd | 7. januar 1943 Hiroshima |
Død |
25. oktober 1955 (12 år) |
Språk | japansk |
Sadako Sasaki på Commons |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.