STS-122
From Wikipedia, the free encyclopedia
STS-122 var ei romferd til den internasjonale romstasjonen (ISS) med den amerikanske romferja Atlantis. Romferja hadde med seg ei ny modul til ISS, det europeiske laboratoriet Columbus. Laboratoriemodulen vart montert til Harmony den 11. februar 2008. STS-122 henta og ned besetningsmedlemmet Daniel M. Tani, som vart bytta ut med Léopold Eyharts frå ESA. Han vert verande om bord romstasjonen dei neste tre månadene, og har blant anna ansvaret for å klargjere dei vitskaplege instrumenta på Columbus.
STS-122 | |
Statistikk | |
---|---|
Romferje: | Atlantis |
Rampe: | LC-39A |
Oppskyting: | 7. februar 2008[1] 20:45 norsk tid |
Attende til jorda: | 20. februar 2008 |
Ferdas tid: | 12 dagar, 18 timar, 21 minuttar, 50 sekundar |
Mannskap | |
Kommandør: | Stephen Frick |
Pilot: | Alan G. Poindexter |
Oppdragsspesialistar: | Leland D. Melvin Rex J. Walheim Hans Schlegel Stanley G. Love |
Portrettfoto av mannskapet. | |
Kronologi | |
Førre romferd | Neste romferd |
STS-120 | STS-123 |
Oppskytinga skulle etter planen finne stad den 6. desember 2007 frå rampe 39A ved Kennedy Space Center, men vart utsett til 9. desember 2007 etter at det vart avdekt problem med to sensorar nokre timar før oppskytinga. Same problemet oppstod under det andre forsøket, og oppskytinga vart avbroten. Omsider vart romferja Atlantis skoten opp den 7. februar 2008 klokka 20:45 norsk tid, og kopla til med den internasjonale romstasjonen den 9. februar klokka 18:17. Etter nærare tretten døgn i rommet, landa romferja på rullebane 15 ved Kennedy Space Center den 20. februar 2008.