![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ea/FN_i_New_York.jpg/640px-FN_i_New_York.jpg&w=640&q=50)
SN-bygningen
From Wikipedia, the free encyclopedia
SN-bygningen (òg kjend som SNs sekretariatbygning) i New York City står som eit landemerke i Turtle Bay på austsida av Manhattan, med utsikt mot East River. Hovudkvarteret har adressa United Nations Plaza 760 og ligg langs First Avenue mellom 42nd Street og 48th Street. Bygningen stod ferdig i 1952 etter teikningar av den amerikanske arkitekten Wallace K. Harrison som prosjektleiar i samarbeid med ei rekkje internasjonalt anerkjende arkitektar som rådgjevarar, blant dei Oscar Niemeyer frå Brasil og Le Corbusier frå Frankrike, som hadde størst innverknad på utforming av anlegget. Framfor den 39 etasjar høge bygningen står nesten 200 flaggstenger, der flagget til medlemslanda står i alfabetisk rekkjefølgje. 5 000 menneske arbeider der.
SN sitt hovudkvarter inkluderer tre større bygningar:
- Sekretariatet (39 etasjar høgt)
- Hovudforsamlingsbygget (der alle medlemsnasjonane møter til hovudforsamlingane)
- Bibliotekbygningen, oppkalla etter den andre generalsekretæren til SN, Dag Hammarskjöld
Området vert definert som internasjonalt og nøytralt territorium.
Frå 1946 til 1950 heldt den nystarta generalforsamlinga i SN til i bygningen som i dag rommar Queens Museum.[1]