Sega
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sega Corporation (japansk 株式会社セガ) er eit fleirnasjonalt selskap med hovudkvarter i Tokyo i Japan. Selskapet som vart grunnlagd i 1940, produserer både videospel og maskinvare. Sega produserte og sine eigne spelkonsollar ei stund men la offisielt ned produksjonen den 24. januar 2001, for å berre produsere videospel til andre sine konsollar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/13/SEGA_logo.svg/220px-SEGA_logo.svg.png)
Det mest kjende varemerket til Sega, er maskotten Sonic the Hedgehog. Det blåe piggsvinet har sidan introduksjonen i 1991, vore hovudkarakteren i ei rekkje av Sega sine videospel.