![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cb/Erinaceus_europaeus_%2528Linnaeus%252C_1758%2529.jpg/640px-Erinaceus_europaeus_%2528Linnaeus%252C_1758%2529.jpg&w=640&q=50)
Piggsvin
pattedyrart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Piggsvin eller bustyvel (Erinaceus europaeus) er eit dyr i piggsvinfamilien som finst i nesten heile den palearktiske regionen, men berre sjeldan lenger nord enn 60°N,[2] og ikkje i Himalaya og Nord-Afrika. I Noreg har Artsdatabanken lista piggsvin sin status til nær truga (NT) frå 2021.
Piggsvin | |
![]() Piggsvin | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiinga av piggsvin | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Erinaceomorpha |
Familie: | Piggsvinfamilien Erinaceidae |
Slekt: | Erinaceus |
Art: | Piggsvin E. europaeus |
Vitskapleg namn | |
Erinaceus europaeus |
Piggsvinet er eit dyr på om lag 20 cm med spiss snute og harde, kvasse piggar på ryggen. Det lever i skog-, landbruks- og nokre bustadsområde. Det er nattaktivt og går i hi om vinteren. Dyret lever av sniglar, makkar, biller og andre insekt, og kan òg eta froskar, små gnagarar, fugleegg og ungfuglar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/ce/Puslichevo_2009_08_23_010.jpg/640px-Puslichevo_2009_08_23_010.jpg)
Eit skremt piggsvin vil krølla seg ihop til ein ball slik at piggane dekker heile dyret, og rovdyr ikkje klarer å skada det. Denne forsvarsmekanismen er kjent for å verka svært dårleg mot trafikk. Når dei går i dvale kan kroppstemperaturen søkke ned til ein grad celsius og nervane reagerer ikkje.