Sørsamisk
samisk språk / From Wikipedia, the free encyclopedia
Sørsamisk er eit finsk-ugrisk språk i den uralske språkfamilien. Det blir snakka av i overkant av 500 talarar,[1] i Østerdalen, på Nordmøre, i Trøndelag og i Nordland i Noreg så vel som i Västerbotten, Jämtland og Dalarna i Sverige. I Noreg har språket òg hatt ei viss utbreiing kring Dovre. Med så få som brukar det, vert det av UNESCO rekna som eit sterkt truga språk.[2]
Sørsamisk åarjelsaemie | ||
Klassifisering | Uralsk samisk | |
Bruk | ||
Tala i | Noreg, Sverige | |
Område | Hedmark, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Dalarna, Härjedalen, Jämtland, Västerbotten | |
Sørsamisktalande i alt | 500 | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Noreg: Snåsa kommune, Røyrvik kommune, Hattfjelldal kommune, Røros kommune | |
Normert av | Samisk språkråd | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | sma | |
ISO 639-3 | sma | |
Glottolog | sout2674 | |
På grunn av den over hundre år lange perioden med aktiv fornorskingspolitikk (ca. 1850–1960) gjekk sørsamisk ut av bruk som daglegspråk i store delar av den sørsamiske befolkninga. Dei siste tiåra har det ikkje dess mindre vorte arbeidd med å styrkje språket att. I 2008 vart sørsamisk offisielt språk i Snåsa kommune i Nord-Trøndelag, og Røyrvik kommune, i same fylke, fylgde etter i 2013. Frå og med 1. juli 2017 var også Hattfjelldal kommune, og dermed Nordland fylkeskommune, med i det samiske forvaltningsområdet for sørsamisk. Den førebels siste, og sørsamiske, kommunen som kom med i forvaltingsområdet er Røros kommune med verknad frå 1. juli 2018 - ti år etter at Snåsa kom med. Dette medverkar til at sørsamisk i dag står sterkare enn på lenge.
Sørsamisk er ikkje mykje brukt i det offentlege rom, men NRK Sápmi har jamleg sendingar på sørsamisk, både på radio og TV.
Sørsamisk vart skriftfesta i 1974 med Bergsland-Bull-rettskrivinga, laga av Knut Bergsland og Ella Holm Bull, og har sidan da vorte brukt i bøker (skulebøker, barnebøker, Bibelen), aviser (Snåsningen, Daerpies Dierie), i salmar, på Internett[lower-alpha 1] og i offentlege dokument i Snåsa kommune. Det er utvikla digitale språklæringsverktøy for sørsamisk, Oahpa!,[3] og sørsamisk retteprogram for bruk i Microsoft Word, Divvun.