Røykomn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Røykomn er ein eldstad for oppvarming av ei røykstove. Dei står som regel i hjørnet av rommet og er oppmura av gråstein og leir. Opninga ut mot rommet er som oftast like brei som brennkammeret innanfor. Røykomnen har ikkje skorstein eller pipe, men slepper røyken fritt ut i opphaldsrommet og vidare ut i friluft via ljore i taket.
I Noreg blei røykomnen fyrst vanleg i byane, blant anna Bergen. Ifølge Arne Lie Christensen var mangel på brensle ein del av forklaringa på innføring av røykomn: Desse omnane magasinerer varmen slik det ofte var tilstrekkelig å fyra opp to gongar om dagen. På 1600- og 1700-talet blei røykomnen vanleg på bygdene på Vestlandet. Christensen meiner avskoging av Vestlandet etter innføring av oppgangssag og stor trelasteksport kan vera ein del av forklaringa.[1]