From Wikipedia, the free encyclopedia
Réthymno (gresk: Ρέθυμνο), òg kalla Rethimno, Rethymnon, Réthymnon og Rhíthymnos, er ein by i periferieininga Réthymno, der han er hovudstad, på Kreta i Hellas. Byen har like over 32 000 innbyggjarar og vart grunnlagd i antikken (som Rhithymna og Arsinoe), sjølv om han aldri var ein viktig by for den minoiske siviliasjonen. Han var derimot seinare mektig noko til at innbyggjarane prega sine eigne myntar.
Réthymno Lokalt namn Ρέθυμνο | |
---|---|
Den gamle venetianske hamna | |
Geografi | |
Stad | Kreta |
Koordinatar | 35°22′N 24°28′E |
Areal | 397,5 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Kreta Réthymno |
Hovudsete | Réthymno (34 085 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 57 216 (2021[1]) |
Folketettleik | 143,9 /km² |
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 57 2165 innbyggjarar, medan kommunaleininga Réthymno hadde 38 759 og tettstaden med same namn 34 085 innbyggjarar.[1]
Réthymno byrja å vekse då ventianske erobrarar på øya ville ha ein handelsstasjon mellom Iráklio og Khaniá, og fekk sin eigen biskop og adel. I dag er gamlebyen (paliá póli) nesten berre bygd av venetianarane. Dette er ein av dei best bevarte gamlebyane på Kreta.
Venetianarane bygde ei borg her kalla Fortetza, som er eit av dei største og best bevarte på Kreta. Andre monument er Neratzemoskeen, Den store porten (megáli pórta, Porta Guerra), Piazza Rimondi (Rimmondiplassen). I dag er hovudnæringa turisme og mange bygg tilknytte dette er ført opp dei siste 20 åra.
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Réthymno | Réthymno | 32 468 | 34 085 |
Violí Kharáki | Nikifóros Fokás | 2 785 | 3 185 |
Atsipópoulo | Nikifóros Fokás | 1 392 | 1 612 |
Prinés | Nikifóros Fokás | 851 | 895 |
Gállos | Réthymno | 922 | 889 |
Sfakáki | Arkádi | 792 | 883 |
Jeráni | Nikifóros Fokás | 821 | 870 |
Stavroménos | Arkádi | 678 | 756 |
Adelianós Kámbos | Arkádi | 680 | 738 |
Roussospíti | Réthymno | 569 | 536 |
Episkopí | Láppa | 618 | 509 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.