song av Pink Floyd From Wikipedia, the free encyclopedia
Run Like Hell er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters og David Gilmour. Songen vart gjeven ut på albumet The Wall i 1979, og kom ut som singel i 1980.
Run Like Hell Singel av Pink Floyd frå albumet The Wall | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1980 | |
Innspelt | April-november 1979 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 4:19 | |
Selskap | Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US) | |
Komponist | David Gilmour, Roger Waters | |
Tekstforfattar | Roger Waters, David Gilmour | |
Låtskrivar(ar) | Roger Waters, David Gilmour | |
---|---|---|
Produsent | Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters | |
Pink Floyd-kronologi | ||
«Comfortably Numb» (1979) |
Run Like Hell | «When the Tigers Broke Free» (1982)
|
I lag med songane «In the Flesh» og «Waiting for the Worms» er «Run Like Hell» ein del av hallusineringa til hovudrolla Pink, der han har blitt ein naziliknande fascist som gjer om publikummet sitt til ein hatmobb. Han sender mobben ut for å rasere nabolaget der mange minoritetar bur.
Songen er skriven av Roger Waters og David Gilmour, som ein av tre songar på The Wall, med tekst av Waters. Songen er sunge av Waters, men det høyrest ut som det er to personar som syng han fordi annakvar tekstlinje kjem ut av kvar sin høgtalar. På konsertane song Waters og Gilmour annakvar linje (og etter Waters forlet Pink Floyd song Gilmour songen i lag med bassisten Guy Pratt.) Songen inneheld den einaste tangentsoloen på albumet. I songen er det mange lydeffektar som den maniske latteren til mobben, folk som spring, bilar som skrensar og høge skrik.
Songen skulle opphavleg vere mykje lenger, men måtte kuttast ned på grunn av tidavgrensinga på det originale vinylformatet. Sjølv om tekstlinjer som «You better run like hell!» står fleire gonger i teksten på plateomslaget, er dei ikkje med i sjølve songen.
Tittelen referer truleg til Joseph Goebbels sine ord frå 1938 før Krystallnatta der tusenvis av jødar fekk butikkane og heimane sine øydelagd. Før hendinga sa Hitler på radio noko slikt som: «Dei sa vi aldri kunne få vårt Tyskland, og her er vi. Med tysk presse, eit tysk folk, og ei tysk livsføring...». Goebbels sa hardt vidare: «De er ikkje som oss! De kan aldri bli som oss! Visst de trur de kan, bør de springe! (you’d better run!)»
Pink sender tilhengjarane sine ut på gatene for å ta hjelpelause folk og minoritetsgrupper. Ein scene viser ein mørkhuda gut med ei kvit jente i baksetet på ein bil, som vert dradd ut av bilen. Guten vert slått, medan jenta vert valdteken. Dette referer til tekstlinja «...cause if they catch you in the backseat trying to pick her locks / they’re going to send you back to mother in a cardboard box...»). Songen er korta ned i filmversjonen, og det andre verset vert sunge over tangentsoloen.
med:
Personell per Fitch og Mahon.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.