Roy Acuff
amerikansk songar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Roy Claxton Acuff (15. september 1903–23. november 1992) var ein USA-amerikansk countrysongar, felespelar, promotør og frimurar.[1] Han vart kjend som «King of Country Music» og har ofte fått æra for å ha teke sjangeren frå det tidlege string band- og «hoedown»-formatet til det songarbaserte formatet som var med å gjere country til ein internasjonal suksess. I 1952 sa Hank Williams til Ralph Gleason, «Han er den største songaren denne musikken har sett. Hyra du han så trengde du ikkje å tenke på publikum. Når det gjaldt størst tiltrekkingskraft i Sørstatane så var det Roy Acuff, så Gud.»[2]
Roy Acuff | |||
Acuff i 1950 | |||
Fødd | 15. september 1903(1903-09-15) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Maynardville i Tennessee i USA | ||
Død | 23. november 1992 (89 år) | ||
Dødsstad | Nashville i USA | ||
Fødenamn | Roy Claxton Acuff | ||
Alias | King of Country Music | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1936–1992 | ||
Sjanger | Country, gospel | ||
Instrument | fiolin, fele, vokal | ||
Plateselskap | Conqueror, Okeh, Columbia | ||
Verka som | Singer-låtskrivar | ||
Born | Roy Acuff, Jr. | ||
Prisar | National Medal of Arts, Grammy Lifetime Achievement Award, Kennedy Center Honors, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Acuff byrja musikkarrieren sin i 1930-åra og vart regionalt kjend som songar og felespelar i gruppa si, The Smoky Mountain Boys. Han vart medlem av Grand Ole Opry i 1938, og sjølv om han byrja å bli mindre populær seint i 1940-åra, vart han verande ein nøkkelperson for The Opry i nesten fire tiår. I 1942 skipa Acuff og Fred Rose føretaket Acuff-Rose Music, som var det første store Nashville-baserte countryforlaget, og som signerte artistar som Hank Williams, Roy Orbison og Everly Brothers. I 1962 vart Acuff det første levande medlemmet som vart innlemma i Country Music Hall of Fame.[3]