kommune i Blekinge len i Sverige From Wikipedia, the free encyclopedia
Ronneby kommune er ein kommune i Blekinge län i Sverige. Kommunen grensar til to andre kommunar i Blekinge län, Karlshamns kommun i vest og Karlskrona kommun i aust. Han grensar også til to kommunar i nord, Tingsryds kommun i Kronobergs län og Emmaboda kommun i Kalmar län. Administrasjonssenteret er Ronneby.
Ronneby kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Blekinge län | ||
Landskap | Blekinge | ||
Del av | Blekinge, Q61441440, Blekinge domkrins | ||
Centralort | Ronneby | ||
Areal | 866,03 km² | ||
• land | 829,8 km² | ||
• vatn | 36,23 km² | ||
Folketal | 28 443 | ||
Folketettleik | 34 / km² | ||
Ronneby kommun 56.2°N 15.283333333333°E | |||
Kart som viser Ronneby kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Ronneby Municipality | |||
Nettstad: www.ronneby.se | |||
Ronneby kommune har også ein liten eksklave i Karlskrona kommun som har nokre få byar (Skillingsboda, Lönnemåla og Stora Lönnemåla), samt storparten av innsjøane Stora Skälen og Långasjön.
Den nordlege delen av kommunen har mykje skog, medan den sørlege delen har eit sletteområde som strekkjer seg ut til skjergarden. Næringslivet er dominert av tenestesektoren, og IT-sektoren har også vokse dei siste åra.
Då dei svenske kommunalforordningane tredde i kraft i 1863 var området samansett av Ronneby köping, samt ein del sokn. I 1870 vart Eringsboda kommun grunnlagd gjennom utbryting frå Tving. Köpingen Ronneby vart by i 1882.
Ved kommunereforma 1952 vart det oppretta «storkommunar». Desse var: Hallabro (av dei tidlegare kommunane Backaryd og Öljehult), Tving (av Eringsboda og Tving), Listerby (av dei tidlegare kommunane Edestad, Förkärla, Hjortsberga og Listerby). Bräkne-Hoby og Ronneby landskommun heldt fram utan endringar.
I samband med kommunereforma i 1971 vart desse einingane planlagt samanslåtte. Allereie i 1963 hadde Kallinge landskommun vorte oppretta gjennom samanslåing av Hallabro, Tving og Ronneby landskommunar. I 1967 vart Bräkne-Hoby, Kallinge og Listerby innlemma i Ronneby stad. Kommunen fekk altså si noverande form allereie fire år før han vart Ronneby kommun i samband med at einskapleg kommunetype vart innført i 1971.
Blasonering: Eit blått skjold delt av eit band med ein sølvstraum. I det øvre feltet ei sekstagga stjerna og i det nedre ein nymåne, begge også i sølv.[1]
Ronneby hadde tidleg vore by, men mista privilegium då Karlskrona vart grunnlagd. I 1882 vart Ronneby by på nytt, og våpenet vart fastsett året etter. Etter kommunegrunnlegginga vart byvåpenet uforandra valt til våpen for den nye kommunen og det ikkje-fastsette våpenet til Listerby gjekk ut av bruk. I 1974 vart våpenet registrert i Patent- och registreringsverket, merkeleg nok med stavinga frå 1883.
Det er ni tettstader i Ronneby kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. | Tettstad | Folketal |
---|---|---|
1 | Ronneby | 11 767 |
2 | Kallinge | 4 767 |
3 | Bräkne-Hoby | 1 769 |
4 | Johannishus | 773 |
5 | Listerby | 672 |
6 | Ronnebyhamn | 464 |
7 | Backaryd | 399 |
8 | Eringsboda | 340 |
9 | Hallabro | 252 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.