![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/71/Rosetta_computer_model.jpg/640px-Rosetta_computer_model.jpg&w=640&q=50)
Romsonden Rosetta
romsonde / From Wikipedia, the free encyclopedia
Rosetta var ein romsonde send opp av ESA som gjekk i bane kring kometen 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko. Han nådde fram til kometen i august 2014 og vart krasjlanda på kometkjernen 30. september 2016.[1] Rosetta-ferda hadde som mål å finna ut korleis tilhøva var i solsystemet då planetane vart danna. Rosetta bar med seg landaren Philae som landa på kometkjernen 12. november 2014.
Kjappe fakta Rosetta, COSPAR ID ...
Rosetta | |||
---|---|---|---|
![]() Skisse av romsonden Rosetta undervegs mot kometen Tsjurjumov-Gerasimenko Foto: NASA
| |||
COSPAR ID | 2004-006A | ||
Operatør | ESA | ||
Masse | Banesonde: 2 900 kg Landingsfartøy: 100 kg | ||
Oppdrag | Gå i bane rundt og landa på ein komet | ||
Destinasjon | 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko | ||
Oppskyting | 2. mars 2004 | ||
Landing | |||
Dato | 12. november 2014 | ||
Banesonde | |||
Satellitt rundt | 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko |
Lukk
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b5/NAVCAM_top_10_at_10_km_%E2%80%93_8_%2815765234852%29.jpg/640px-NAVCAM_top_10_at_10_km_%E2%80%93_8_%2815765234852%29.jpg)
Rosetta passerte to asteroidar på veg til 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko. Den 5. september 2008 passerte sonden 2867 Šteins, og 10. juli 2010 passerte han 21 Lutetia.