Rockford
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rockford er ein by langt nord i delstaten Illinois i USA. Byen er fylkessete i Winnebago County og har i kring 149 000 ibuarar. Rockford breier seg på begge sider av elva Rock River.[2]
Rockford | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Areal | 167,010845 km² | ||
Folketal | 148 655 (1. april 2020)[1] | ||
Rockford 42.27113°N 89.094°W / 42.27113; -89.094 | |||
Wikimedia Commons: Rockford, Illinois | |||
Rockford, som vart busett frå 1834, vart strategisk plassert mellom Chicago og Galena[2] for å kunne utvikle industri. Byen var fyrst kjend for framstelling av tungt maskineri, ut på 1900-talet var Rockford den nest største møbel-produsenten. Til liks med andre industribyar i Illinois gjekk folketalet ned frå siste tiåra av det 20. hundreåret.
Museums i byen er mellom anna Burpee Museum of Natural History, Rockford Art Museum, det svensk-amerikanske Erlander Home, Tinker Swiss Cottage Museum og lokalhistoriemuseet Midway Village and Museum Center.[2] Byen har grøntområde som Sinnissippi Park, Anderson Japanese Gardens og Klehm Arboretum and Botanic Garden.[2]