primær fylkesveg i Trøndelag og Innlandet fylker i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Fylkesveg 30 (Fv30) går mellom Koppang i Stor-Elvdal og Støren i Midtre Gauldal. Vegen har ei lengd på 258,4 km, av dette 146,4 km i Hedmark og 112 km i Sør-Trøndelag.
Han tar av frå riksveg 3 ved Koppang og går austover til Storsjøen. Vidare nordover langs Storsjøen, gjennom Rendalen og Tylldalen til Tynset. Deretter mot nordaust langs Glåma forbi Tolga og Os til Røros, deretter nord-vest langs Gauldalen til Støren.
Strekninga mellom Tynset og Koppang har tidlegare òg vore skilta som riksveg 3 og som riksveg 28. 1. desember 2008 meldte Sør-Trøndelag fylkeskommune at 3 km ny vegstrekning ved Osøy bru var teken i bruk.[1]
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltningsreformen tredde i kraft har han status som fylkesveg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.