Riksarkivet, som vart skipa i 1817, er den parten av Arkivverket som har ansvaret for arkiva frå den statlege sentraladministrasjonen, altså departementa og direktorata og tilsvarande organ, og dessutan arkiva etter Høgsterett. Viktige arkiv etter privatpersonar, og etter private verksemder og organisasjonar, tek Riksarkivet seg òg av.

Kjappe fakta Skipa, Hovudkontor ...
Riksarkivet
Thumb
Riksarkivets bygning i Oslo. Den same bygningen hyser òg Statsarkivet i Oslo.
Skipa6. juni 1817[1]
HovudkontorSognsveien 221, Oslo
RiksarkivarInga Bolstad
VerkeområdeNoreg
Tilsette178 (2014)[2]
Undergrupper5 avdelingar
EigarskapArkivverket
Nettstadhttp://www.arkivverket.no/arkivverket/Arkivverket/Riksarkivet
Lukk

Riksarkivet har lokale i ein bygning i nærleiken av Sognsvann stasjon på Sognsvannsbanen i Oslo, der det òg er underjordiske magasin, og er organisert i fem avdelingar: Bevarings- og tilsynsavdelingen, Depotavdelingen, Publikumsavdelingen, Administrasjonsavdelingen og It-avdelingen.

Alle kan vende seg til Riksarkivet for å få svar på spørsmål eller få løyst problem som arkivmaterialet kan bidra til, anten ved å møte opp personleg, eller ved å sende brev, telefaks, e-post, eller ved å take ein telefon. Riksarkivet stiller arkivmaterialet til rådvelde for gjennomlesing på lesesalen i bygningen, og har dessutan sal av bøker i ein eigen bokhandel og over internett.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.