From Wikipedia, the free encyclopedia
Rigel, med Bayernemninga Beta Orionis (β Ori, β Orionis), er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Orion og den sjuande mest lyssterke stjerna på nattehimmelen, med tilsynelatande storleiksklasse 0,12. Sett frå jorda er ho i røynda eit trippeltsystem der primærstjerna (Rigel A) er ei blåkvit superkjempe med absolutt storleiksklasse −7,84 og kring 120 000 gonger så lyssterk som sola. Ho er ein Alfa Cygni-variabel, som pulserer periodisk. Rigel B er synleg i små teleskop og er i seg sjølv ei spektroskopisk dobbeltstjerne, som består av to blåkvite stjerner i hovudserien med spektralklasse B9.
Observasjonsdata Epoke J2000.0 Ekvinoks J2000.0 | |
---|---|
Stjernebilete | Orion |
Rektascensjon | 05h 14m 32.27210s[1] |
Deklinasjon | −08° 12′ 05.8981″[1] |
Karakteristikk | |
Spektralklasse | B8 Ia[2] |
U−B fargeindeks | −0.66[3] |
B−V fargeindeks | −0.03[3] |
Variabel type | Alfa Cygni[4] |
Astrometri | |
Radialsnøggleik (Rv) | 17.8 ± 0.4[5] km/s |
Parallakse (π) | 3.78 ± 0.34[1] mas |
Avstand | 860 ± 80 ly (260 ± 20 pc) |
Absolutt storleiksklasse (MV) | –7.92 ± 0.28[2] |
Detaljar | |
Masse | 21 ± 3[6] M☉ |
Radius | 78.9 ± 7.4[2] R☉ |
Luminositet (bolometrisk) | 1.20+0.25−0.21×105[2] L☉ |
Overflategravitasjon (log g) | 1.75 ± 0.10[6] cgs |
Temperatur | 12,100 ± 150[6] K |
Metallisitet [Fe/H] | –0.06 ± 0.10[7] dex |
Rotasjonssnøggleik (v sin i) | 25 ± 3[6] km/s |
Alder | 8 ± 1[7] mill. år |
Andre namn | |
Databasereferanse | |
SIMBAD | data |
Spektroskopiske estimat av avstanden til Rigel er mellom 700 og 900 lysår, medan parallaksemålingar frå Hipparcos-satellitten gav avstanden til å vere 860 lysår, med ein feilmargin på kring 9 %.[1] Rigel A er ei blå superkjempe, med kring 21 solmassar, og skin kring 120 000 gonger kraftigare enn sola. Overflatetemperaturen hennar er kring 12 100 K.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.