Rhône-Alpes
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rhône-Alpes er ein tidlegare fransk region søraust i Frankrike. Regionen hadde namn etter elva Rhône og Alpane. Frå 1. januar 2016 blei han del av den nye regionen Auvergne-Rhône-Alpes.
Rhône-Alpes | |
Fakta | |
Hovudstad | Lyon |
Regionspresident | Jean-Jack Queyranne |
Flatevidd | 43 698 km² |
Folketal | 6 005 000 (2006) Rangering 2 |
Folketettleik | 137 innb./km² |
Arrondissement | 25 |
Kantonar | 355 |
Kommunar | 2 879 |
Geografi | |
Departement |
Rhône-Alpes var den nest folkerikaste regionen etter Île-de-France, og er takka vere mange ulike næringsgreiner ein rik region. Alt frå landbruk i Ain til turisme i Alpane og høgteknologisk kompetanse i Lyon og Grenoble medverka til å styrka økonomien i regionen.