Republikken Krim eller Krym[lower-alpha 1] er eit delvis anerkjent føderasjonssubjekt i Russland som ligg på Krimhalvøya.

Kjappe fakta Land, Del av ...
Krim
Крым
Крим
Къырым
republikk
Thumb
Land  Russland
Del av Det sørlige føderale distrikt, Europeisk Russland
Hovudstad Simferopol
Areal 26 081 km²
Folketal 1 896 393 (1. januar 2022)[1]
Thumb
Republikken Krim
44.948055555556°N 34.104166666667°E / 44.948055555556; 34.104166666667
Wikimedia Commons: Republic of Crimea
Lukk

Krim grenser til Ukraina i nord og halvøya er omgitt av Azovhavet og Svartehavet. Hovudstad og største by i republikken er Simferopol. Ved folketeljinga i 2014 hadde republikken 1 891 465 innbyggjarar.

Republikken blei skipa i 2014. Etter at russiske styrkar og pro-russiske separatistar hadde teke makta erklærte parlamentet på Krim sjølvstende frå Ukraina den 11. mars 2014. Det var blitt halde ei folkerøysting med overveldande støtte for dette,[2][3] men i strid med den ukrainske grunnlova. [4][5][6] Russland annekterte så Krim, som saman med Sevastopol på Krim blei russiske føderasjonssubjekt.[7]

Republikken Krim er ikkje anerkjend som del av Russland av eit fleirtal av medlemslanda i SN. Ukraina gjer framleis krav på området, og ulike SN-resolusjonar støtter kravet.[8][9]

Merknader

  1. russisk Республика Крым Respublika Krim, ukrainsk Республіка Крим Respublika Krym

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.