![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7f/Blason_r%25C3%25A9gion_fr_Limousin.svg/langnn-640px-Blason_r%25C3%25A9gion_fr_Limousin.svg.png&w=640&q=50)
Regionen Limousin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Limousin (oksitansk Lemosin) er ein tidlegare region i Frankrike. Regionen hadde berre like under 750 000 innbyggjarar, slik at han var ein av dei minst folkesette regionane i Frankrike. Det var færre innbyggjarar i Limousin enn i byen Marseille. Limousin vart ofte brukt som døme på kvifor franske regionar var for små og burde slåast saman. I 2016 vart då også Limousin og fleire andre regionar slått saman til den nye regionen Nouvelle-Aquitaine.[1]
Limousin | |
![]() | |
Fakta | |
Hovudstad | Limoges |
Regionspresident | Gérard Vandenbroucke |
Flatevidd | 16 942 km² |
Folketal | 725 000 (2006) Rangering 22 |
Folketettleik | 43 innb./km² |
Arrondissement | 8 |
Kantonar | 106 |
Kommunar | 747 |
Geografi | |
![]() |
Limousin er i hovudsak eit jordbruksområde, og er kjend for ha noko av det beste slaktekveget i verda. I tillegg til kveget er tømmer ei av hovudnæringane i regionen. Regionshovudstaden Limoges er verdskjend for porselenet som vert laga her, og er ein leiande aktør innan elektrisk utstyr (som tidlegare nytta porselen som isolator). Fabrikkane har derimot vorte færre.