![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/77/Rafting_em_Brotas.jpg/640px-Rafting_em_Brotas.jpg&w=640&q=50)
Rafting
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rafting er ein aktivitet som går ut på å navigera ein flåte ned ei elv. Rafting blir gjerne utført i stryk og elver der vatnet renn raskt. Det blir nytta ei åre til padling eller til å styra flåten med.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/77/Rafting_em_Brotas.jpg/640px-Rafting_em_Brotas.jpg)
Vansken på elva blir rangert på ein skala frå 1 til 6:
- Grad 1: Flatt vatn.
- Grad 2: Vatn i rørsle. Få eller ingen hindringar.
- Grad 3: Sterk straum med hindringer og stryk. Manøvrering er naudsynt.
- Grad 4: Sterk straum med store stryk og vanskelege passasjar. Manøvrering er vanskeleg, risiko for flip (at båten går rundt).
- Grad 5: Ekstremt vanskeleg og berre for spesielt interesserte.
- Grad 6: Umogleg å rafta.