Queenstown på New Zealand
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Queenstown er ein internasjonal ferieby i regionen Otago, sørvest på Sørøya på New Zealand. Byen ligg kring ei bukt med namnet Queenstown Bay ved Wakatipusjøen, ein lang, smal innsjø som er danna av isbrear, og byen har strålande utsyn mot dei nærliggjande fjella.
Queenstown | ||
---|---|---|
Styresmakter | ||
Land Øy Region Distrikt |
New Zealand Sørøya Otago Queenstown Lakes District | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
8704,97 km² | |
Innbyggjarar - By (2006) - Byområde |
22956 10416 | |
Koordinatar | 45°01′52″S 168°39′45″E | |
Diverse anna | ||
Heimeside: https://www.queenstownnz.co.nz/ | ||
Plassering | ||
William Gilbert Rees, saman med oppdagaren Nicholas von Tunzelman, var dei første europearane som slo seg ned i området. Rees var på leiting etter beitemarker, og etter eit første besøk kom han attende i 1860 og grunnla ein høglandsfarm der sentrum i den noverande byen ligg. Men føretaket til Rees fekk eit kort liv. I 1862 vart det funne gull i Arrowelva, eit kort stykke unna Queenstown.
Det vert fortalt ulike soger om korleis byen fekk namnet sitt. Den mest populære er at ein lokal gullgravar uttala at byen var som «skapt for Queen (dronning) Victoria». Queenstown er no kjend for den forretningsorienterte turismen sin, særleg opplevings- og skiturisme. Byen er populær både blant unge internasjonale tilreisande og for folk frå New Zealand.
Byen er det største senteret i Central Otago, og det tredje største i Otago. Nokre få administrative funksjonar, til dømes primærhelseteneste, er for tida tillagt naboregionen Southland. Ved folketeljinga i 2006 var folketalet i det urbane området i Queenstown (medrekna Frankton og Kelvin Heights) 10 416,[1] ein oppgang på 22,1 % sidan 2001.
Nabobusetnadar og -distrikt omfattar Arrowtown, Wanaka, Alexandra og Cromwell. Dei næraste byane er Invercargill og Dunedin.
Queenstown-Lakes District har eit landareal på 8 704,97 km², utanom innsjøane Haweasjøen, Wakatipusjøen og Wanakasjøen. Det har eit estimert folketal på 28 700 (30. juni 2011).[2]
Queenstown er eit senter for opplevingsturisme. Skisport, jetbåt, rafting, strikkhopp, mountain biking, skateboarding, fotturar og flugefiske er aktivitetar som vert sterkt fremja.
Queenstown er eit hovudsete for vintersport på New Zealand, og folk frå heile landet og fleire delar av verda kjem for å stå på ski i dei fire fremste skisentra, Cardrona Alpine Resort, Coronet Peak, The Remarkables og Treble Cone. Langrenn er mogeleg i Waiorau Snow Farm, nær busetnaden Cardrona.
Ein kolfyrt, nesten 100 år gamal dampbåt, går turistturar på innsjøen.
Queenstown har eit alpint klima der vintrane byr på klår himmel og snødekte fjell. Om somrane er dagane lange og varme, og temperaturane kan nå 30°C.
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur | 22,6°C 73°F |
22,7 °C 73 °F |
19,9 °C 68 °F |
16,1 °C 61 °F |
11,9 °C 53 °F |
8,6 °C 47 °F |
8,2 °C 47 °F |
10,3 °C 51 °F |
13,5 °C 56 °F |
16,2 °C 61 °F |
18,6 °C 65 °F |
20,7 °C 69 °F |
15,8°C 60°F | |
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur | 10,7°C 51°F |
10,6 °C 51 °F |
8,8 °C 48 °F |
6,2 °C 43 °F |
3,3 °C 38 °F |
0,7 °C 33 °F |
0,1 °C 42 °F |
1,3 °C 34 °F |
3,6 °C 38 °F |
5,6 °C 42 °F |
7,4 °C 45 °F |
9,4 °C 49 °F |
5,6°C 42°F | |
Gjennomsnittleg total nedbør | 78 mm 3,07 " |
58 mm 2,28 " |
80 mm 3,15 " |
75 mm 2,95 " |
89 mm 3,50 " |
82 mm 3,23 " |
65 mm 2,56 " |
73 mm 2,87 " |
69 mm 2,72 " |
95 mm 3,74 " |
72 mm 2,83 " |
77 mm 3,03 " |
913 mm 35,94 " | |
Kjelde: NIWA Climate Data[3] |
Queenstown har samband via vegnett og fly, men ikkje med jarnveg.
Som turistsenter har Queenstown ei rekkje samband med buss, dei fleste for pakketurar, men der er daglege bussruter til og frå Invercargill, Dunedin og Christchurch, som er dei byane som ligg nærast Queenstown.
Flyplassen ved Queenstown har flysamband med Australia ved Air New Zealand og Qantas, særleg til Brisbane, Melbourne og Sydney, og med auke av flygingane i skisesongen. Innanlandsflygingar hit kjem frå Auckland, Wellington og Christchurch.
Queenstown Airport er den travlaste helikopterbasen på New Zealand, og er også mykje brukt av turisttrafikk til Milford Sound og Aoraki/Mount Cook, både med småfly og helikopter.
Den viktigaste transportruta til Queenstown er State Highway 6, som går frå Cromwell gjennom fjellpasset Kawarau Gorge til Frankton, der ei 9 km sidegrein (SH6A) fører fram til sentrum i byen. SH6 held fram sørover og kryssar Kawarauelva før han går ned langs austsida av Wakatipusjøen til Kingston før han kryssar grensa til regionen Southland. Ein noko vanskeleg framkomeleg veg over Crown Range fører til skisentra Cardrona og Wanaka, og er den høgast liggjande offentlege vegen på New Zealand med fast vegdekke.
Queenstown er utgangspunktet for mange dagsturar til det kjende naturområdet Milford Sound, desse tek om lag 12 timar. Som nemnt går det òg turistflygingar til Milford Sound.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.